Fra Rock Mot Rus til Radio Harstad. Konserter og ungdomstid.

I år fekk eg min fyrste ordentlige festivalopplevelse, Rock Mot Rus på
Andenes. Det å være på festival, spesielt i ungdomstida er so utruleg
viktig.
Du får dyrka din musikkinteresse, bli kjent med andre
musikkinteresserte ungdommar og blir kjent med nye vener.

Ingvill og Norah fra bookinggruppa på Radio Harstad inviterer til ungdomskonserter. Foto: Radio Harstad.

Skrevet av Ingvill Mathilde Torgersen

Ungdom frå heile Nord-Norge kjem i busslass frå krikar og krokar, alle
med same mål- å ha det sjukt gøy.

Som ungdom kan ein sjå alle festivalar rundt om i landet frå utsida,
men får aldri delta sjølv. Seine kveldar med musikklaga lykkerus og ei
vakenheit uten like. Rock Mot Rus er akkurat det, timar på timar med rå
musikk og null søvn. Kl 00, det er då moroa og det vikigaste, i mi
meining, starta: Rockemønstringa. Alle mulige band kjem og skal vise seg
fram, nokon står på ei ordentlig scene for fyrste gong og er
kjempeklare og spente.

Det er difor viktig å ha slike møteplassa for band og musikkinteressert
ungdom. Der ein kan prøve og feile og vekse opp i eit festivalmiljø for
alle.

Vi satt inne på et lite kott, med 2 mikrofonar og ein opptakar. Alle
band kjem inn smilande inn i kottet vårt. Der sitt eg, saman med mine
fantastiske radiovenar, til langt på natt, kvart kvarter kjem det eit
nytt band inn og vi kjenner på ei heilt spesiell meistring. Etterkvart
som tida går blir vi betre og betre på å snakke og intervjue banda.
01:57 var eit historisk bilete tatt, vi er ferdige med eit av mange
intervju, men det spesielle med dette var at dette bandet ga ein heilt
eigen energi. Det var ein samansveisa gjeng med pønkeungdom frå Bodø,
foran meg sto Barnevænnlig. Små utstikk frå opptredenen kan vi høyre frå
kottet, og det vi høyrer er heilt sjukt rått. Vi kunne kjenne at det var
noko eige med dette bandet. Timane går og natta går mot slutten, vi går
til skulen, der vi søv og får oss ei heilt ok natt. Laurdagen går og
brått er det kveld igjen, endelig er det tid for konsertar igjen, timane
går, god musikk spelast og klokka nærmar seg tolv igjen, kl tolv skal
vinnarane av rockemønstringa kåres. Eg var programleiar den siste timen,
men fekk heldigvis stå blant publikum då dei annonserte vinnarbandet.
Ein kjente eit tjukt lag med nervøsitet mens dommarpanelet introduserte
bandet. Pønkeungdom frå Bodø, som fremførar ordentlig breibeint pønk.
Barnevænnlig vinn og eg må springe opp igjen i studio for å fortsette
sendinga. Vi høyrer bandet i bakgrunnen mens vi har sendinga og tenkjer
på opptredenen i lang tid etter turen til Andenes. Vi må høyre meir av
dei, vi bestemmer oss for å booke inn Barnevænlig og Cult Member til
Harstad Fritidssenter. Jubelen var høg då vi annonserte det for den
radioaktive ungdommen. Månadane gjekk fort og plutseleg er veka her,
Onsdag inntar Barnevænnllig og Cult Member storstua på Harstad
Fritidssenter med den fyrste av mange ungdomskonsertar.

CULT MEMBER & BARNEVÆNNLIG - GRATIS U18-KONSERT

Barnevænnlig til intervju hos Radio Harstad rett etter konserten på Rock Mot Rus. De viste ikke at de kom til å vinne hele rockemønstringa. (foto: Radio Harstad)

RMR-vinnerne Barnevænnlig spiller i Harstad for første gang!

Cult Member slipper ny plate og reiser på Norgesturne. De kommer selvfølgelig til Harstad og spiller for ungdommen.

Rock Mot Rus 2022. Vi kommer tilbake neste år!